gjesteinnlegg fra broren min: sommerkroppen 2013?

Kjenner blodet koke i årene kvar gong eg les ei sak om kropp og kroppshysteri. Heile våren, eigentleg sidan januar syns eg at eg har blitt teppebomba med artiklar om korleis få denne så alt for mykje omtalte «sommarkroppen2013». Joda, dei første vekene var det litt greitt å lese korleis eg skulle kvitte meg med dei 5 heile kilo som la seg pent og pynteleg på min kropp i jula, og skulle vek att. Kiloane forsvann før februar var omme, men det gjorde ikkje artiklane. «Få flat mage på 4 uker», «Dette er supermaten for deg på slanker?n», «Dette er fy-fymaten», «Slik får du bikinikroppen» osv, gjerne akkompagnert av en rekke bilete av modelltynne kvinner (og menn). For det er dette som er greia: ingen vil eller skal sjå gjennomsnittleg ut. Du skal vere penast, tynnast, mest muskuløs. «Slik bygger du muskler i en fei», «Slik får du six-pack».

Men det stoppar ikkje her. Vi nordmenn har ein pervers trong til å hate på alt populært (feks Gangnamstyle). Flott syns eg, då denne kroppshysteritrenden var både usunn og tok heilt av. Innlegg på innlegg vart skrive om folk som tok eit «oppgjør» med kroppshysteriet. Flott, tid for handling tenkte eg. No var det slutt på alle artiklane, blogginnlegga og alt gnålet om større musklar. Men, det som skjedde var at folk berre fortsatte å skrive om korleis få sommarkroppen OG klage på dei som gjer dette. Og sjokkerande nok oppdaga eg at det ofte var same folka som gjorde dette. Det vert som å bite seg i eigen hale, for å så klage på at det gjer vondt. Men i staden vart det endå meir fokus på det, og det tok verkeleg heilt av. 


Sjølvsagt må eg sei noko om Kristine og. For ein skal ikkje kaste stein når ein sjølv sit i glashus. Men eg vil tørre å påsta at ho ikkje bidrar til meir kroppspress enn høgst nødvendig. Ho må få leve og vere seg sjølv. Ho må få gå i shorts på varme sommardagar, eller når ho har fått sponsa eit plagg (dette er ho faktisk pålagt!). Hadde ho derimot skrive eit innlegg om «kroppspresset» og alt mulig piss som ho følte siste vekene, hadde eg satt foten ned. For jaggu legger ho ut nok bildete av seg sjølv i magetoppar og korte shortsar. Men ho klagar ikkje på det, for ho veit at ved å eksponere seg som ho gjer på bloggen er ho ikkje uskuldig. Og skal ho klandrast for det, får ikkje nokon gå på stranda i år, eller bruke shorts, for då bidreg jo dei til «kroppspress». 


Eg føler sjeldan meir på kroppspress enn når eg les om det i nettopp meida eller på nett. Det er først når eg leser om folk som klager på det enorme presset i år, at eg faktisk FØLER det på meg. Så slutt å mas om det, så minsker det kanskje litt?! 
Og samme faen kva du gjer, så ser du ut som du ser ut, så enten du liker det eller ei, kan du berre venne deg til det. Eg var ganske overvektig før, og har litt strekkmerker på magen etter det. Lar eg det hindre meg i å reise til syden? Lar eg det hindre meg i å bade? NEI. Tviler på at nokon kjem bort og ber meg kle på meg for eg har strekkmerker på magen, eller fordi eg er for feit, eller fordi eg ikkje kan gå i singlet eller kva enn det mått vere. Kanskje nokon glor litt, men det driter eg i. For det betyr nok at dei er meir usikker på seg sjølv enn det eg er, og er sjalu på at eg «tør» å vise meg fram trass i at eg ikkje er perfekt. For det er det ingen som er.

Føler heile sommarkoppen har blitt som ein hønseflokk i panikk. Hadde bare alle tatt eit steg bak og roa ned, hadde vi kanskje innsett at dette er eit sjølvskapt problem. “Sommarkroppen” ligger i hovudet ditt. Det er ein abstrakt ting du ikkje trenger å oppnå, men det kan vere ein fin motivasjon for å kome i betre form fram til sommaren.

yesterday’s outfit: biker jacket

Hellueeen! Først og fremst angående før/etter redigering-innlegget: Dere som påstår at det er bildemanipulering, you guys really need a reality-check. Beklager å si det, men det blir litt for råflott å påstå at jeg redigerer meg til det “ugjenkjennelige”, haha. Jeg redigerer kontraster og metning på bildene mine, og det gjør vel for så vidt alle bloggere. Er forresten så og si umulig å redigere og “fake” brunfarge på bilder, så det gjør jeg heller ikke. Kameraet fanger jo ikke opp i nærheten av den brunfargen jeg har på ekte (det trodde jeg var åpenbart), så når jeg har redigert bildene, DA ligner det min ekte brunfarge 😉

Vel, nok om det. Takk for så mange fine kommentarer ellers! Love you guys. Nå er det ny uke og nye nye muligheter! Jeg har nettopp fått i meg frokosten og skal straks hoppe ut av koseklærne og få på meg litt sminke, deretter tar jeg turen til byen for å møte en venninne. Wiii. Knipset noen bilder av gårsdagens antrekk i går, så poster de nå. Fant igjen denne skinnjakken bakerst i klesskapet – har jo nesten ikke fått brukt den. Spørs om ikke den får bli med på dagens antrekk i dag også! 🙂

Shorts og genser fra Bik Bok, sko fra Converse

Håper dere får en fin start på uken, skjønninger! Hva synes dere om antrekket?